Uppskattad leveranstid 7-12 arbetsdagar
Fri frakt för medlemmar vid köp för minst 249:-
Bjørnen Tor er ein herleg teddybjørn som bur på Vestlandet saman med mennesket sitt. Han er glad i å prøve nye ting, ete gulrøter og lage nye songar.
Historier om den vesle bamsen har blitt til ein bokserie med flotte bilde og rundt 1000 ord. Kvar bok inneheld ein song som han laga mens historien pågjekk.
I forteljingane bakar han, dyrkar grønsaker, fiskar, reiser, leikar, feirar jul, går på ski og er saman med vennar. Han får lov til å prøve nye ting og gjere sine eigne feil.
I denne boka blir ein kjedeleg dag til ein koseleg bakedag, der han finn svar på spørsmål som: Er det sunt å kjede seg? Kan det hjelpe å bake, viss du kjedar deg? Kan ein lage ei god kake utan oppskrift? Korleis lagar ein egentleg gulrotkake? Kva skjer viss ein et for mykje kakerøre?
Boka inneheld «Smake - songen», og ho vil nok inspirere både store og små, bakeglade kokkar.
- Format: Inbunden
- ISBN: 9788293471257
- Språk: Nynorsk
- Antal sidor: 32
- Utgivningsdatum: 2017-07-14
- Förlag: Sandvikbok